VEDTEKTER
KLASSISKE HOMØOPATERS FORENING
§1.
Homøopaten skal praktisere homøopati etter grunnleggande prinsipper
som
i) likskapsloven(similia similibus curentur)
ii) ein medisin av gongen ( unitas remedi)
iii)den minst moglege dose( doses minimae)
§2.
Foreskrivning av homøopatisk medisin skal skje ut ifrå ein fullstendig
anamnese med vektlegging av sjukehistorie og aktuelle symtombilete.
§3.
Homøopat KHF skal behandle sine pasientar med respekt og opptre i samsvar
med alminneleg folkeskikk.
§4.
Homøopat KHF har teieplikt ovanfor opplysningar som kjem fram under
behandling.
§5.
Homøopaten pliktar og gje sine pasientar informasjon om homøopati
i form av brosjyre, eit skriv eller ved samtale.
§6.
Homøopat KHF skal ikkje blande fleire terapiformar saman,
og gjere klårt for pasienten kva slags terapi som gjevast.
§7.
Medlemane pliktar å føre reikneskap og journalar i sin praksis.
§8.
Homøopat KHF skal ikkje drive reklame for produkt eller halde kursverksemd
som ikkje har med klassisk homøopati, samtidig som ho/han kallar seg
klassisk homøopat KHF.
§9.
Medlemmane pliktar å halde seg oppdaterte og delta på kurs,
vidreutdanning eller kollegialt samarbeide tilsvarande 30 timar over
2 år.
§10.
Homøopat KHF betaler inn ein medlemskontigent som fastsettast
av årsmøtet i organisasjonen.
§11.
Homøopat KHF teikner ein pasientskadeerstatning for sin verksemd.
§12.
Medlemskap i Klassiske Homøopaters Forening er mogleg for personar
som kan oppvise ein solid utdanning i både skulemedisinske fag og klassisk
homøopati.
Anatomi, fysiologi og patologi på sjukepleienivå og homeopatisk utdanning
på minimum 600 timar undervisning i homøopati.
I tilegg må søkaren vise til 5 pasientkasus med minst eit
års oppfølging for å vise at søkaren praktiserer etter KHFs sine vedtekter
Søkarar kan bli vurderte på særskilt grunnlag når
dei ikkja har ein formell homøopatiutdanning. Det blir ikkje
gjeve nokon kompensasjon nå det gjeld medisinsk lærdom.
§13.
Overhaldast og oppfyllast vedtektene har homøopaten rett til å kalle
seg
Klassisk Homøopat KHF.
§14.
Etisk komite har rett til å ekskludere medlemmar som ikkje overheld
NKF sine vedtekter, eller skader homøopatien på annen måte.
§15.
KHF er ein ikkje religiøs, ikkje politisk og uavhengig organisasjon.
Trondheim 10.03.99
Til
toppen
|